Om meg

I 2015 fekk eg kreft med spredning til fleire plasser i kroppen. Eg var igjennom lang og tøff cellegiftbehandling som ødela kroppen min fullstending.

Eg var gravid med mitt tredje barn og hadde store planer om å nyte den siste permisjonstida med henne. Eg følte eg mista permisjonstida med mitt andre barn, då eg mista broren min i ei arbeidsulykke, når guten min var berre 4 mnd gammal.

Så nå var eg skikkelig innstilt på å leve livet og nyte barseltida. Eg hadde fått kjenne på kroppen at livet brått kan endre seg, så eg kjente sterkt på at det var viktig å leve livet når vi har det.

Men helsa mi var ikkje bra etter fødselen og den vart berre verre. Eg var utallige ganger til lege. Eg vart berre meir og meir sliten. Og vekta gikk nedover.

Av ulike grunner så vart kreften oversett, men ein dag når jenta mi var 3 mnd gammal så var eg til ultralyd og der såg dei kreft med ein gang. Eg vart sendt vidare til CT undersøkelse, og eg endte til slutt opp med å få vite at eg hadde kreft i hjerna, fleire svulster i begge bryt, begge lunger og begge binyrer, ein stor svulst i lever og i livmora. 

Min første tanke var; det er ikkje spørsmål om viss eg dør, men det er spørsmål om når eg dør. Og dette kan gå fort! Korleis skulle det gå med barna mine viss dei skulle miste mammaen sin i så ung alder?

Eg vart innlagt for utredning og derifrå gjekk det fort. Eg vart sendt til radiumhospitalet neste morgen og starta med cellegiftbehandling nesten med ein gong eg kom fram. Dette var kritisk og her var det om å gjere og kome raskt i gang med behandling. 

For å gjere lang historie kort så endte det opp med heftige doser cellegift i nesten 1,5år. Kroppen var totalt ødelagt etter behandlinga. 

Eg fekk nerveskader som gjorde at eg havna i rullestol. Eg klarte nesten ikkje å gjere noko sjølv. Eg klarte ikkje å lage mat, eg klarte ikkje å kle på barna mine, berre noko så lite som å ha eit strikk i håret til jenta mi klarte eg ikkje. Eg var totalt avhengig av hjelp. Og frykta for å aldri bli bedre var stor! Eg fekk ingen bekreftelse frå lege om at eg kunne bli bedre av nerveskadane. Vi måtte berre ta tida til hjelp for å sjå korleis nervane hela seg.

Eg fekk fleire andre seinskader. Beinskjør, skada hørsel, overgangsalder. Men det værste med alt var den alvorlige fatiguen eg hadde. Eg klarte ikkje å vere den mammaen eg ønska. Kvardagen var eit slit og eg kollapsa på sofaen kvar kveld. Eg måtte bruke mykje tid på sofaen på dagtid også, men det hjalp sjeldent å kvile. Det var skikkelig tøft å føle seg så misslykka som mamma. Og eg gjekk glipp av mykje i livet til ungane mine. 

Ikkje klarte eg å gå tilbake til jobben som sjukepleiar og det var ei stor sorg det også. Eg hadde eit mål og ein drøm i livet om å bli jordmor og den drømmen vart knust.

Etter cellegiftbehandlinga måtte eg lære meg å gå på nytt og eg var 3-4 mnd på rehabiliteringsenter. Det var beintøft å skulle trene seg opp igjen samtidig som eg sleit med alvorlig fatigue. Men eg hadde den største motivasjonen; barna mine!

Det var skikkelig tøft og eg levde slik i fleire år.  Det handla berre om å overleve dagane, ikkje leve. Eg husker eg satt å såg på innlegg som folk delte på sosiale medier frå fjellturer dei var på. Eg lengta etter å kunne gå i fjellet og eg trudde aldri eg skulle få oppleve det igjen.

 

Så begynte eg å sette meg inn i kva kostholdet har å seie for helsa og eg forstod at her er det mykje vi kan gjere.  Eg la om kostholdet, men det var først når eg begynte med frønæring at helsa mi virkelig begynte å bli bedre. Nå forstod eg kor viktig det er med nok næring kvar einaste dag. 

Å få i seg nok næring gjennom ein dag er veldig vanskelig og dei fleste av oss treng tilskudd for å få dekt behovet. 

Og når eg såg kor mykje hjelp eg fekk av desse produkta så følte eg veldig sterkt på at dette kan eg ikkje holde for meg sjølv! Tenk alle andre som kan få hjelp med helsa si av disse produkta når eg kan få så god hjelp.  Så derfor deler eg!

Eg fekk energi og overskudd. Hjernetåka er vekke. Plutselig klarte eg å vere den mammaen eg ønsker. Nå har eg energi til å oppleve ting saman med barna mine. Og eg har energi til å vere 100% tilstede for dei i kvardagen. Det betyr SÅ mykje for meg!

Etterkvart så klarte eg å gå korte turer i fjellet. Balansen min er ikkje den beste, men den er mykje bedre enn den var. 

Smertene er borte. Søvnen er bedre. Fordøyelsen er bedre. Blodsukkeret føles stabilt.

Hud, hår og negler har blitt sunnere og friskere. Det veks fort. Eit sunnhetstegn!

Eg har fått livet mitt tilbake!❤️